Foto: Ove Sveinung Tennfjord/ Randaberg Kommune

Torget i Randaberg sentrum til å ete opp

Det starta i 2008, då skuleelevar, bondelaget og tilsette i kommunen planta ut blomar og urter på torget i sentrum. Onsdag (26. april) var det ny dugnad - for å gjere sentrum meir fargerikt, duftande og etande.

Denne gongen var det klasse 6B frå Harestad skule som hjelpte parkavdelinga i Randaberg kommune og bondelaget med å plante ut fleire slag urter og blomar.

Gartnar og bonde Helge Todnem har vore med på utplantinga på torget heilt sidan starten for 15 år sidan. Onsdag hadde hadde han tatt med sitronmelisse, oregano, salvie, persille, rosmarin, timian og grasløk.

I tillegg kunne Thomas Aase frå Park i Randaberg kommune fortelle at det skulle plantast ut jordbær og rundt 350 ulike blomar på torget.

— Vi plantar ut ein god miks med blomar, blant anna skal fleire magritter og nellikar i jorda.

Og mykje av det som vart planta ut onsdag kan etast.

— Når den tid kjem, kan elevane og andre forsyne seg av det torget har å by på, seier Thomas Aase.  

Gartnar Arvid Kro, frå venstre Sanna Røe Berg, Sofie Goa Evjen, Hannah Bø, Evelyn Malene Rasmussen. Foto: Ove Sveinung Tennfjord/ Randaberg Kommune